top of page

Når du kan sjå heilt inn i kroppen min. Når du kan det. Det er ingenting som er framføre. Blodet som renn. Nerveimpulsane. Når du kan sjå rett inn i kjøtet mitt. I fibrane. Inni cellene. Alle rørelsane. Ein stivheit forsvinner. Eit lag av anspentheit eg trudde eg trengde. Eit lag av redsel og nummenheit. Du ser meg rett inn i kjøtet, og gjennom alle organ. Magesekk og lunger. Nyre og tarmar. Bindevev og leddvæske. Denne avkledninga, eg hadde sakna den slik. Eg visste ikkje at så mykje hadde eg sakna den, at så ubehageleg var det å halda denne stivheita oppe. Kreftene som kan sleppe taket, sleppe grepet. Kroppen mjuknar. Det er så mykje levendeheit. Eigentleg. Ein enorm potens, kraft. Min levandeheit som møter din levandeheit. Gullet som smiler breitt i bakgrunnen, og ventar på oss.
 


 

bottom of page