top of page
IMG_0220.jpg

Den vesle gule fuglen står i opninga på hjerta mitt. Han ser utover og oppover i himmelen. Det er tidleg og doggfriskt om morgonen. Han står der og ser utover, den gule fuglen. Det er ikkje så lenge sidan han vart født. Vengjene hans er fortsatt litt fuktige. Dei er veldig små og nette fulgvengjene hans. Korte og stutte, med mjuke gule fjør. Han ser utover, han er så fin og så ny i verda, skjønne fuglen. Han står der i opninga og ventar på å flyga ut i himmelen, den blå fruktige og saftige himmelen. Han kjenner himmelen dreg han avgrade. Himmelen inviterer, han vil vera med han, ha han flygande i seg, i himmelfriheita. Han er så lett og så liten og så uendeleg delikat og finsleg, så nydeleg er han. Hjerta mitt brenn for han. Det blør for han fordi han er så vakker og nydeleg og så uendeleg kjenslevár. Han ser på meg, heilt sånn lett ser han på meg, lett og forsiktig. Augo hans er så veldig småe og forsiktige. Eg likar å sjå på han. Han er så fin inni meg. Og der flyg han avgarde smilande, sånne mjuke lette fuglekvitter, kvite sirklande kvitter, inn i fryd, friheit og fred.

Versjon 106.jpg

Ja, me sprang etter smaken i hjerta. Me sprang sånn etter han. Eg kunne kjenna det i hjerta. Smaken min. Han velta seg rundt, inni meg. Smaken av hjerta i meg og ut. Eg ville visa han til deg, smaken min, eg ville le rennande ut med min smak, til deg, med deg, oss ilag. Mine små barnehender. Dei var så nette, så delikate, så fylt opp med glede og leik og latter. Gult og grønt om kvarandre, i hendene mine, dei små nette, dei ville ta på deg, dei ville strekka seg inn i deg og saman med oss og leiken vår. Berre me kunne symja rundt inni kvarandre i leiken vår. Berre me kunne det. Saman med bingebær og jordebær. Der sang me saman og lo ilag, der herja me vilt saman, ingen grenser var der, me berre leika i saman, isdansen du og eg. Eg ser på deg, augene mine ser på deg, dei smiler, augene mine, dei går litt skått oppover på ytterkantane når eg smiler. Eg er eit så fint lite barn, med augene mine som smiler, og litt skrått oppover går dei på sidene. Dei augene, dei skin slik, dei berre skin dei, ivrig etter kontakt og svar på invitasjonen. Eg ser ventande til deg. Hjerta mitt er berre ope og ventande, godheita og det skjøre vatnet pompar og renn utover. Blir du med å dansa med meg? Vil du herja med meg? Me kan springa fort nedover her, kjempe fort, me er ivrige i saman, er me ikkje? Ivrige og tullete og heilt frie, i saman, du og eg, er du med på det? Eg og du ilag? Den mjuke barnehuda, heilt open er den, den er berre så mjuk og kvit og open, berre litt spørjane, vil du? Er du med eller? Eller? Kanskje du ikkje vil vera med?

Versjon 16.jpg

Eg var ofte hjå bestemor og bestefar. På garden deira. Eg var der ofte. Eg låg på rommet med dei heilt lysegule gardinene. Det var så lyst der inne. Om morgonen stod sola rett inn. Flugene jobba for å finne vegen ut. Eg merka så godt lukta og lydane når eg låg der, eg merka dei så godt inni hjerta mitt, inni saknet mitt kunne eg kjenna dei att, lydane og lukta. Eg hugsa dei att. For ein varme dei gav, for ein nærheit dei gav. Eg ville smelta i saman med dei, eg ville bli dei, eg ville bli det rommet som dei var, den magien som dei hadde, alle dei vitale vakre varme vekstane som sprang ut av dei, skatten deira, eventyret dei hadde inni seg. Slik dei rørte meg, dei rørte meg sånn, så djupt og så inderleg rørte dei mine aller innerste draumar, mine aller innerste sakn. Dei visste kva som var, dei visste om eventyret, dei visste om magien, om alle gangane nede i jorda, alt dette visste dei, og alt dette kjente eg gjennom djupet mitt og saknet mitt. Dei vakraste blomane dei lage, dei djupaste og mest magiske skogar, eventyr som opna opp nye rom heile tida. Levande maleri med dei sterkaste fargane du kanskje ikkje ein gong kunne førestille deg. Eventyret som ikkje berre var eit eventyr, men som var det mest verkelege du kunne fatte. Det var den draumen som var meir sann enn noko anna du visste om.

bottom of page