Even the smallest thing will be seen
Kan eg vere heile meg med deg? Kan alle sommerfuglane mine flyga vilt rundt omkring? Dei vil innover alt. Dei er så energiske. Dei er heilt frie. Dei stuper innover alt mens dei kvasse diamantane speglar og glitrar. Dei bryt opp alle stengslane. Dei borar seg inn i hjerta ditt og hjerta mitt. Sommerfuglane flyg med diamantane hengande etter seg. Dei bryt seg gjennom det stivna og satte. Vrir og sirklar seg gjennom tung og seig masse med lettheit. Sommarfuglane mine inni hjerta mitt. Sommarfuglane dei rører meg så djupt. Dei helar meg og dei helar deg.
Det sårbare barnet. Det rennande hjerta. Augene som drypper lange fargedropar. Kvifor er eg så naken spør barnet. Kvifor er eg transparent? Barnet ser på deg med sine store blanke augekuler. Du ser heile verda inni der, inni augene til barnet. Barnet ser sårbart på deg, augene både glitrar og renn. Og alle regnbogane som skyter ut gjennom auge-eple. Det transparente barnet. Som ikkje held på noko eller skjuler. Det er fritt fall, heile tida. Ingen stagnasjon. Full pust, heilt fritt rom, venjene får all plassen dei treng, dei kvite store venjene. Kan du vere så snill å puste saman med meg spør barnet, kan me puste heile verda i saman? Alle fargane. Invitere dei innover alt. Skylle alt inni deg, igjen og igjen. La oss puste i saman, vær så snill, la oss puste i saman.