top of page
Versjon 13.jpg

Det er for alltid.

Versjon 11.jpg

Eg er så fri som eg veit innerst inne. Kan du også minne meg på det? Kan du merke korleis du flyg avgarde? Så fritt som alle fuglane? Me er venner med dei. Visste du det? Dei er av våre beste venner. Dei smiler veldig ofte til oss. Hugsar du å legge merke til det? Korleis dei smiler til deg? Dei har så mykje å fortelja. Dei har så mykje på hjerta. Dei er eit einaste stort hjerta, er dei, fuglane. Dei ler masse. Før dei flyg avgarde. Og dei ler mens dei flyg også, sjølvsagt. Dei elskar å flyga. Akkurat slik som oss. Me gjer det heile tida også, me flyg ilag med dei. Og ler ilag med dei. Me har hemmlege tegn i lag, gjennom all larmen lagar me tegn ilag. Me legg merke til kvarandre og ser kvarandre gjennom all larmen. Me ser det som eigentleg betyr noko. Me er lure fordi me veit. Me veit noko alle veit, men me er av det slaget som hugsar det me veit. Me har ikkje gløymt fuglane og smilet deira. Me er her for å vera med dei. Utveksla blikk og smil og latter. Har du lagt merke til alle fjørene dine, kor fine dei er? Kor lette dei er? Og kor mjuke og deilige dei er? Det er så godt å gå rundt med desse fjørene. Det er ei herleg kjensle. Også veit fuglane at me veit. Dei veit at me elskar kvarande. Fuglane elskar oss og me elskar dei. Me veit kor lure dei er og kor stort hjerta dei har. La oss le ilag med fuglane.

_1080055.jpg

Visste du at eg var så vakker? Har du nokon gong kunne kjenna det? Følt det, heilt innerst inne? Visste du at det var slik eg var? Så komplett og så fintfølande og utfyllande, til punkt og prikke? Alt så perfekt og så samstemt? Kunne det nokon gong fattast? Kan det nokon gong fattast? Det ekstremt perfekte som skapninga er? Og sårheita og sårbarheita som alltid har vorte satt på utsida, noko å kjempa imot, men som er av det mest perfekte som finst. Som er heilt i kjernen av det som gjer skapninga mogeleg.

Versjon 3.jpg

Det er ingen forskjell på liv og død. Me er alltid på veg til å fødast, og me er alltid på veg til å dø. Me er opplyste og på samme tid er alt heilt nytt for oss.

Versjon 8.jpg

Magien min er magien din

Versjon 20.jpg

Eg er lyset ditt

bottom of page