top of page

Stjerneskot

Vil du vera med meg til verdensrommet? Eg har venta lenge no, nesten gløymt at verdensrommet finst. Eg saknar verdensrommet og å symje inn i det, slik som me pleide å gjera. Symjetaka me tok, symde gjennom lag på lag med ulike verdnar og stjernerike. Det var så godt å kjenne alle dei ulike stjerneuniversa på kroppen, korleis dei strauk meg med sin heilt spesielle konsistens. Det blaute, gjennomsiktige og kjærlige møtepunktet. Det var til å bli i godt humør av, ein ukontrollert latter som kom i bølger og transformerande eksplosjonar. Stjerneriket og verdensrommet, eg kjenner dykk inni meg og inni oss alle. Og eg og du som endeleg skal ta turen dit i saman att. Det var på tide.

bottom of page