top of page

Oss menneske er skaparar alle saman.

marit.jpg

Foto: Tonje Kyte

Det heilt særeigne i deg, kva er det? Kva er det som skiller akkurat deg frå alle andre? Visste du at det heilt unike i deg er frå ein plass i djupe der alle er knytt saman? Og at det kjem frå ei evig kjelda? Visste du at desse evnene er avgjerande for verdsfreden? Du er heilt fri til å fylgje din djupe essens, la den få komme ut akkurat slik den er. Den formen og den fargen og den kvaliteten treng me som er rundt deg og du. Det å seie ja til din indre skapar er å seie ja til all skaparkraft rundt deg. Slik at me vert på vårt aller mest levande og fredsskapande alle saman.

Kunsten nærer ein. Det utvidar horisonten og minner oss på kor komplekst og magisk livet er. Kreativiteten finn vegar logikken ikkje klarar. Den hentar fram deler av oss som me hadde gløymt og gløymer igjen. Kreativiteten bevegar seg på måtar som overgår vår kontroll, heldigvis. Den slepp oss fri og hjelper oss å finne tilbake til ressursar og håp. Vår eksistens er stor og me treng alle påminning om dette jamnt, spesielt i vår kultur når det mekaniske og rasjonelle har fått så stor plass. Me gløymer lett magien, leiken og væren. Kunsten er dette for meg. For meg er kunst helsebringande og viktig fredsskapende arbeid.

Bileta er fotografi som er jobba med digitalt. Ulike element ved fotografia er forsterka eller forminska. Dette kan vere kontrastar, ulike fargetonar, lys og dybde. Eg tilfører ikkje noko nytt til bileta, det eg jobbar med er den informasjonen som alt er i bilete. Eg opplever at det som vert vist i bileta er dimensjonar av verkelegheita som finst, men som me kanskje har gløymt. Me vert avlært å sjå alt det naturen og verda er, me mister kontakt med sansane vore gjennom livets ferd og me må hjelpe kvarandre tilbake. Me treng å sjå meir av magien som verda og verkelegheita faktisk er. Tittlane og tekstane kjem intuitivt og ut frå ei kjensle eg opplever i bileta. .

Bileta er til salgs og du er også velkommen til å sjå/kjøpe bilete utanom utstillingane. Bileta kan kjøpast i ulike størrelsar og det er begrensa opplag. Det er også mange av bileta mine som ikkje er på heimesida mi. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål eller er interessert.

bottom of page