Versjon 3.jpg

Draumen om hjerta

IMG_0187 (1).jpg

Bardomsdraumen er for alltid

Versjon 24.jpg

Alle trolla i eventyret. Me kan leike med dei. Me vert så glade for det, at me kan leika med dei. Me elskar trolla, og me vil vera i saman med dei. Dei veit om så mange vegar. Dei kan visa oss rundt, gjennom gangane. Trolla veit kor vidunderet er, dei tek oss med inn dit og i saman med dei kan me sjå på eksplosjonar av gull og glitter. Det openbarar seg, vidunderet skjer. Magien som er inni desse eventyrlege gangane. Jord-tunnelar og himmel-tunnelar, og me ler og heiar på kvarandre. Alt vert så lett og ledig. Me er berre alt me er, innanfrå og ut. Me dansar og rockar med foten. Trollar ser på oss og ler dei også, så høgt. Det jallar i veggene og alle dei magiske dyra ser på, dei smiler og er våte i augene. Dei er så glade for at me endeleg kan sjå dei att, og invitera dei inn i felleskapet ilag med oss. Også denne dimensjonen finst, og me er så enormt glade for at dette saknet no kan sleppe taket i ryggen vår.